jeger_reinsdyr

Startside Jakt og fiske
Jakt PDF Skriv ut E-post
Jakt og fangst har lange tradisjonar i Skjåk, og kommunen er mellom dei store i landet når det gjeld faunarikdom og jaktmoglegheiter.  Vi finn solide stammer av alle 4 hjorteviltartane.  Jakta betyr mykje for mange, gjennom matauk, opplevingar og trivsel.

Villreinen står i ei særstilling som jaktobjekt i Skjåk. Skjåk Almenning er største jaktrettshavaren innan Ottadalen Villreinområde,-av mange verdsett som kronjuvèlen blant norske villreinområde.  

I 2009 ventar vi å få tildelt ei jaktkvote på ca. 340 dyr. Dette er det lågaste talet på svært lenge, og skuldast langt lågare stamme på nordområdet enn kalkylene har synt.  Dei fleste korta går til utanbygds jegarar! Ordinær tildeling skjer ved loddtrekking, men vi sel også  jaktpakker. Søknadsfristen for jaktpakker er 22. mars, og for ordinær søknad 3. mai.   

Fellingsprosenten ligg vanlegvis på ca. 75. Søknadskjema  for villreinjakt:: sjå undermeny til venstre.
 
Elgen er også ein betydeleg ressurs i almenninga.  Nesten kvart år vert kvota på 50-55 dyr fylt.  Årleg vert det felt oksar i ypperste klasse både når det gjeld vekt og gevirprakt. 

 

Hjorten har vorte eit viktig og talrikt innslag i Skjåk-faunaen.  Nå har vi  truleg meir hjort enn elg i kommunen, d.v.s. ca. 200 vinterdyr i 2008/2009.  Enkelte av kronhjortane som vert skotne, kan i storleik og gevirpryd måle seg med dei beste som er felt her i landet. 

 

Småviltjakt - sjå brosjyre HER

Vi har ynglande jerv i området, og mest årleg har vi vitjing av både bjørn, ulv og gaupe.

 

Sist oppdatert den onsdag 17. mars 2010 15:12
 
Frontpage Slideshow (version 2.0.0) - Copyright © 2006-2008 by JoomlaWorks



rein_3