logo1

tinde hytte espedalenHytter/tomter
I Skjåk Almenning har vi rundt 600 private hytter. Dei største hyttegrendene ligg ved Grotli, Nysæter og Sota.  

I tillegg ligg det klart 33 nye tomter i Billingen Hyttegrend.  

Billingen Hyttegrend er bygd ut med full standard (vatn, kloakk, veg og straum), medan feltet ved Liavatnet/Sota er utbygd med veg, straum og vasspost.

Ved Liavatnet er det att 10 ledige tomter. Hyttefeltet ligg ved sjølve innfallsporten til Breheimen Nasjonalpark! 
Alle tomter for fritidseigedomar er festetomter.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss for nærare informasjon!

 


lundadalenOvernatting i fjellet
Skjåk Almenning har fleire buer i fjellet til utleige for alle. Buene er fine turmål i seg sjølv, eller som utgangspunkt for jakt, fiske og turar både på ski og til fots. Nokre passar også for overnatting vinterstid. 
Under villreinjakta er fleire av buene opne for jegerane.
Dei fleste buene er av nyare dato, men med enkel standard. Av utstyr er det vedfyring, omn med tørkerist, 3-bluss gasskokeapparat, dekkety og bestikk, kjelar og kjøkkenreiskapar, samt vaskeutstyr. Det som trengs å ta med er sovepose og mat. Dei fleste har 5 soveplassar. 
Ynskjer du å leige ei av hyttene våre, er desse tilgjenglege for booking på www.inatur.no. Her kan du også sjekke om hytta er ledig i det aktuelle tidsrommet.  Sjå hytteoversikt HER


 

legerhytta red strOvernatting nær veg
Vi har også fleire hytter til utleige som ligg ved veg. Legerhytta, Liabue, Heggjeåsage og Aursjobue er dei mest brukte. 

Legerhytta har to soverom og sengeplass til 8. Heggjeåsagi har sengeplass til 4-6 (familiekøyer), innlagt straum og vatn med dusj og wc.  Liabue høver best for to personar, og er mest populær i forbindelse med rypejakt og fisketurar. Alle tre hyttene er lette å nå også på vinterstid.

Til Aursjobue er det ikkje vinterbrøyta veg, men på sommaren kan ein køyre heilt fram. Her kjem ein høgt til fjells, og hytta er flott utgangspunkt for fisketurar og ikkje minst i forbindelse med rypejakt. 

Du kan sjå nærare beskrivelse av kvar enkelt hytte her



  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.