logo1


CIMG0779Dette er eit nytt hyttefelt i Skjåk kommune og ligg omlag 800 moh. i ei lun og solrik skogsli ca. 10 minutts køyring frå Grotli. Området ligg på nordsida av heilårsveg 15 Skjåk-Stryn.  


Området ligg der austland møter vestland, noko både landskap og klima ber preg av. Naturen er vakker og variert, med slake flyer i aust, og kvasse tindar og brear i vest. Feltet ligg i solhellinga og er omgjeve av grov kraggfurskog med innslag av lauv.  Hyttegrenda har flott utsikt til Breheimen- og Reinheimen Nasjonalpark. Desse kan by på vill og urørt natur med yrande plante- og dyreliv og eit mangfald av turar å velja mellom.

Atkomst
Hyttegrenda ligg ved heilårsveg RV.15 Skjåk-Styn, ca. 10 minutt frå Grotli. Ekrspressbuss frå Oslo og Måløy, Trondheim og Bergen gjer at du kan nå hytta med buss. Den nye Kvivsvegen gjer at reisetida frå store delar av Sunnmøre minkar med mellom 30-60 min


Norges beste klima

Klimaet er vært stabilt med tørre, gode somrar. Sjølv om Skjåk er den nedbørfattigaste kommunen i landet har vi stabile, fine vintre og høgfjellsområda gjer at vi har tilgjengeleg skiføre langt utover våren.   

Reguleringsplan
Føresegner finn du her
Kart finn du her

 

  • Sist oppdatert: onsdag 06 September 2017, 12:08:00.