
| Almenningsbuer i Skjåkfjellet |
|
|
|
|
GENERELT Til bruk for oppsynsfolk, jegarar, fiskarar, turgåarar og lokale som fører tilsyn med husdyr, har Skjåk Almenning sett opp 11 almenningsbuer i fjellet. Buene er låst med standard nykjel. Dei står opne under villreinjakta 20. august – 10. september, men er da primært tiltenkt aktive jegarar og oppsynsfolk. Storleik 15-25 m2 . Sjå elles nærare omtale av buene på hovudsida.
Alle som brukar almenningsbuene må fylgje hyttereglane. Standard nykjel leverast ut eller rekvirerast pr. post frå Skjåk Almenning i Bismo. Nykjel kan også lånast på kontoret til ÅST i Ålesund. Etter bruk returnerast nykjel til utlånsstad i solid konvolutt (vi har erfaring med mottak av tome konvoluttar, der nykjelen har sprengt seg ut i postgangen). I juli og fyrste del av august er det til vanleg stor etterspurnad, så det løner seg å vera ute i god tid med avtale om leige. For at flest mogleg skal få glede av tilbodet, avgrensast talet overnattingar pr. tur til 2 døgn pr. hytte. Dette kan fråvikast dersom ikkje andre har meldt interesse. Viktig! Ver nøye med opplysningar om namn, adresse, tlf. og bruksperiode ved bestilling. Dette av omsyn til organisering av utleiga. Ved avbestilling seinare enn 2 døgn før avtala bruk, vert det kravt full leige. Buene disponerast frå kl. 16.00 innflyttingsdagen til kl. 16.00 avreisedagen.
Buene vert normalt ikkje leigde ut i perioden 1. des. - 15. februar. Kr. 50,- i faktura- og ekspedisjonsgebyr kjem i tillegg ved tilsending av nykjel.
|
||||||||||||
| Sist oppdatert den fredag 09. oktober 2009 10:35 |