
| Hytte og fritid |
|
|
|
|
Fritidsbustader I 2006 vart det såleis godkjent kommunedelplanar for hyttefelt ved Grotli, Nysæter-Billingen og Dønfoss.Nye felt vert truleg bygt utmed full standard (vatn, kloakk, veg og straum), burtsett frå eitt som er ferdig regulert ved Sota. Dette får ein enklareinfrastruktur, men med veg, straum og vasspost. Alle tomter for fritidseigedomar er festetomter. Du er velkomen til å ta kontakt for nærare informasjon! Ikkje minst blant utanbygds villreinjegarar er dei mange almenningsbuene i fjellet populære (sjå kart). Dei fleste buene er av nyare dato, og med enkel standard.Av utstyr nevner vivedovn med tørkerist, 3-bluss gassapparat, dekkety og bestikk, kjelesett og vaskeutstyr.Ta med stearinljos! Dei fleste har 5 soveplassar. Utanom villreinjakta er buene låst, men nyklar lånast ut til jegarar, fiskarar og andre fjellvandrarar ogsåresten av året. Tverråhytta i Tordalen.Turstigen Billingen- Torsbu/Veltdalshytta passerer forbi. Base for "Gutta på tur" i villreinjakta2001. Foto: Stig Aaboen
Vinterstemning. Skogskoie vedPollfoss. Foto: Stig Aaboen
|
|||
| Sist oppdatert den fredag 09. oktober 2009 10:40 |