logo1
thumb breheimenfiskSkjåk kan by på utallige moglegheiter for den som søkjer fjellfiske i stillheit og ro.
I dei to store nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen er det store område som det ferdas lite folk i gjennom heile året, og sjansen er stor for at ein kan få fjellvatna heilt for seg sjølv.  
I områda nordaust i Skjåk er det mogleg å fiske allreie frå midten av juni avhengig av når tid vatna vert isfrie, men elles er juli og august dei sikraste fiskemåndadane i Skjåkfjella. 

Det er sett ut aure i så godt som alle vatn opp til ca 1650 m.o.h.
Mange av dei høgareliggjande vatna over 12-1300 m.o.h har avgrensa naturleg rekruttering, og det vert derfor sett ut 2-3000 to-somrig/to-årig aure kvart år. Dette gjer at ein har god kontroll med fiskebestand i forhold til næringsgrunnlaget, noko som igjen gjer at kvaliteten jamnt over er god, og det er fleire av vatna som husar aure på over kiloen. 
Nedanfor er det presentert nokre område og turar i Skjåk som kan vere verdt å vurdere om ein er ute etter bra høgfjellsfiske. Vi anbefalar nettsida www.iskjåk.no som viser kart, merka fotturar, bilete og meir informasjon om Skjåk.
Det er også gjeve ut ein fiskeguide, "Fiske i Skjåk", som presenterar 36 fisketurar, og gjev det gode tips om kvar du bør starte turen. Denne får du tak i på dei fleste servicebedrifter i Skjåk der dei sel fiskekort. 
 

thumb 2kg

 Lette turar i området rundt Aursjoen

Aurjoen er ein stor regulert innsjø i Skjåk. Det er bilveg heilt fram til vatnet, og ein kan bruke båtmotor inntil 10 hk. Aursjoen ligg på 1100 moh, og gjev derfor eit lett utgangspunkt for turar vidare innover fjellet. Ynskjer du ein lett kveldstur til fjells, er området rundt Aursjoen lett å koma til, og merka stigar i området går forbi fine fiskevatn som Flåtåtjønne og Einingstjønne.  Også området vest for Aursjoen med Lykretjønn og Kroketetjønn er aktuelle. Har du litt meir tid, kan området nord for Aursjoen by på mange interessante vatn - og det er stor aure både i Leirungsvatnet, Utletjønnen, Aukarsvatnet og fleire av dei mindre tjønnen i området mellom Aursjoen og Sveinbue.Terrenget er lettgått, og det er fint å slå opp telt overalt. Alternativt kan ein leige Sveinbue eller Storhøbue
 
 

 

                                          
sottjnn
 
Området rundt Sota Sæter i Breheimen Nasjonalpark
På begge sider av dalføret ligg det mange bra fiskevatn og ventar. Nokre av vatna ligg i passe dagsturavstand frå Sota Sæter. I Sottjønnen er det sett fisk jevnleg, og det er derfor mange årgangar og ulike størrelsar - men kvart år vert det teke kilosfisk her også. Dagstur eller eventuelt overnatting i Sottjønnbue.
Elles er det ein fin tur på  merka DNT- stig inn til tjønnene i Tverrådalen som ligg under den mektige Tverrådalskyrkja. Har ein fyrst kome dit, bør ein også prøve vatna på Røykjeskålshøe.
I fjellområdet vest for Liavatnet ligg det fleire vatn med fin fjellaure. Ein kan gå frå Liavassosen over brua, og inn Søverdalen på umerka stig til fleire vatn her inne.
Eventuelt kan ein gå opp Sekken på merka stig, frå bilvegen mellom Sota Sæter og Mysubytta. Særleg Sotgrovtjønnen anbefalast i dette området. 
 
 

 

thumb 4 a vestre drtjnne

Rundtur i nordaustre del av Skjåk i Reinheimen Nasjonalpark

På denne turen bør ein ha 3-4 dagar for å ha god tid til å utforske interessante vatn. Terrenget er prega av slake flyer, men det er mykje stein.
Frå midten av juli, og ut august er den beste perioden for turen. Utgangspunktet er ved Billingen. Fylg merka DNT-stig som går langs elva Tora innover Tordalen til Tverråhytta. Auren i Tora er som regel lett å få, men ikkje av dei største.
Ta turen vidare langs DNT-stigen til Torsvatnet. Aure på halvkiloen er vanleg i Torsvatnet. Elles anbefalast det å ta turen inn til Flatvatnet, Bollvatnet og Spongvatna som alle husar aure på over kiloen. Det går ingen merka stig til desse vatna, og ein er nesten garantert å ha fjellvatna for seg sjølv.
Overnatting i telt eller Storvassbue (eventuelt ta turen langs elva Spongje og Dørvatna mot Storvassbue). Turen over mot Skarvedalen tar ein gjennom Dør, skaret mellom Høggøymen og Dørkampen. Det er verdt å ta med seg Midtre og Austre Dørtjønnen og Blåbergtjønne på tur til Skarvedalsbue. I Skarvedalen er det fleire mindre vatn ein kan prøve lykka i, kvaliteten på auren er bra, sjølv om ein er høgt til fjells. Turen heimover går ein utover Skarvedalen og etterkvart langs elva Føysa nedover mot utgangspunktet på Billingen.
På veg mot Billingen kan ein godt ta turen om Rognebergtjønne og/eller Langvatnet i Langvasslågån. 
 
 
  • Sist oppdatert: onsdag 01 November 2017, 14:49:55.