logo1

Skjåk Almenning har mange båtar og anna utstyr til utleige.
Ein kartoversikt over tilgjengeleg utstyr kan du laste ned her. Dei som leiger hytte hjå oss har fyrsteretten, men utstyret kan også lånast ut utanom. Vi har også ein del småbanda garn (16mm og 19mm) til utlån. 
Ynskjer du å leige båt og/eller garn er det berre å kontakte oss.

Nedanfor er det lista opp tilgjengeleg utstyr.

 

  1. Båten ved Lundadalsvatnet er teke ut att pga liten bruk.
  2. Båt ved Øvre Sottjønne. Garn og redningsvestar i Sottjønnbue.
  3. Båt og garnkasse ved Liavatnet.
  4. Naust med båt+motor ved Raudalsvatnet. Redningsvestar.
  5. Naust med båt og garn ved Glittervatnet. Redningsvestar. Nytt naust frå sommaren 2012.
  6. Båt ved Heillstuguvatnet
  7. Båt ved Grotlivatnet
  8. Båt ved Breidalsvatnet
  9. Båt ved Legervatnet, garn og redningsvestar i Legerhytta.
  10. Båt og garnkasse ved Hamsetjønne i Hamsedalen. Redningsvestar i Kvitberghytta.
  11. Båten ved Vien er teke ut pga liten bruk.
  12. Båt+motor og garn ved Grønvatnet. Redningsvestar.
  13. Båt ved Veltdalshytta. DNT - hytta administrerar utleige. 
  14. Skjåk jeger og fiskarlag har naust med overnatting, båt, motor, garn og redningsvestar til utleige ved Torsvatnet, også for utanbygds. Gratis for medlemmar av SJFF. Kr 200,- per døgn for ikkje-medlemmar + kr 30,- per liter bensin. Tillate med garnfiske for alle. Ved bruk av båtmotor på Torsvatnet, som ligg i Reinheimen NP, må det søkjast vernemyndighet  om løyve i god tid.
  15. Båt ved Heggebottvatnet
  16. Båt og garnkasse ved Lortjønnen.
  17. Båt ved Aursjoen.
  18. Skjåk jeger og fiskarlag har naust med overnatting, båt, motor, garn og redningsvestar til utleige ved Leirungsvatnet. Gratis for medlemmar av SJFF. Kr 200,- per døgn for ikkje-medlemmar + kr 30,- per liter bensin. Garnfiske kun tillate for innanbygdsbuande. Ved bruk av båtmotor på Leirungsvatnet, som ligg innafor Reinheimen NP må det søkjast vernemyndighet om løyve i god tid. 
  19. Båt og garn ved Storvatnet (grensevatn med Lesja).

langvatnet i langvasslgn

 

  • Sist oppdatert: onsdag 06 September 2017, 12:08:00.