| Stilling ledig - Fiskerettleiar |
|
|
|
|
Ledig 3-årig engasjementstilling som fiskerettleiar. Administrasjonen ligg i kommunesenteret Bismo. Skjåk Almenning er i ferd med å utvikle eit utmarkssenter med brei natur- og oppsynsfagleg kompetanse. Utanom eige skogbruks- og utmarksfagleg personell, vil to SNO-stillingar og ei nasjonalparkstilling vere samlokaliserte med oss i løpet av 2010. Skjåk Almenning ynskjer å satse på fiskeressursane gjennom auka forvaltningsinnsats og utnytting. Som del av eit fiskeprosjekt er det utarbeidt ein handlingsplan.
FISKERETTLEIAR Til å leie arbeidet vidare vil vi tilsetje ein fiskerettleiar, førebels i engasjementsstilling over 3 år. Dei primære oppgavene er nærare definerte i ein handlingsplan for innlandsfiskeressursane i Skjåk, og vil femne om alt frå ressurskartlegging og driftsplanlegging, bestandskontroll, kultivering og tilrettelegging, til oppsyn, informasjon, produktutvikling og marknadsføring. Sekundært vil det på noko sikt vere aktuelt med tenestesal til SNO. Vi søkjer etter ein person med relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Vedkomande må ha genuin interesse for fiskeforvaltning og fisketurisme, og må dessutan vere økonomisk resultatorientert. Samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig og målretta vil bli vektlagt. Løn etter avtale. Vi vil hjelpe til med å skaffe bustad. Nærare opplysingar ved almenningsstyrar Stig Aaboen tlf. 61 21 39 00 eller prosjektleiar Sæbjørn Forberg tlf 901 50 082. Søknad med CV vert å stile til Skjåk Almenning, 2690 SKJÅK, og den må vere oss i hende innan 15. februar 2010. Søknad kan også sendast elektronisk til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Søknadsfrist 15. februar 2010.
|
|||
| Sist oppdatert den mandag 11. januar 2010 11:15 |