logo1

Det er gjennomført rypetaksering i Skjåk i fyrste halvdel av august. Det er taksert på Aursjoen, Heggebottflye, Uppnåse, Sota, Skjellflye og Lendfjellet. Totalt er 39 km er taksert. Takseringa viser at det er store variasjonar frå dei ulike områda, men generelt litt meir vaksen fugl enn i fjor. Samstundes er kyllingprduksjonen litt dårlegare enn i fjor, men det er funne nokre bra kull (over 10) med store kyllingar i enkelte av felta. Generelt verkar det som det er litt dårlegare produksjon vest i Skjåk.

I villreinjakta og elles er det observert brukbart med fjellryper, men ein del av kyllingane er små.

Med bakgrunn i taksering og observasjonar blir kvota lik som i 2016, dvs 1 lirype og 1 fjellrype per jeger per dag. I tillegg blir det fastsett ei begrensning på maks antall ryper per jeger per sesong på totalt 5 stk ryper.


Om det blir vinterjakt i nokre område tek vi stilling til seinare i haust.

Det vil vere lokale variasjonar, og enkelte kan kanskje oppleve at kvota er unødig «streng». Men målet i dagens viltforvaltning er å hauste av eit overskot, og alternativet til ei streng kvote er å frede rypa. Vi ber derfor om at jegerane viser måtehald i fjellet også i år, og vi oppmodar sterkt jegerane om å hauste av kull og spare vaksen fugl.

Fjellrype2

 

 

 

  • Sist oppdatert: onsdag 06 September 2017, 12:08:00.