logo1

Fylgjande buer i fjellet er opne i reinsjakta 2017;

Sauhytta, Grønstorrbu og Sottjønnbu på søraustområdet.

Glitterbue og Raudalsbu på sørvestområdet.

Sveinbue og Storhøbue på nordområdet. Skarvedalshytta er i utgangspunktet låst, men dersom det blir dyr i dette området kan denne låsast opp på førespurnad. Ein må då ta med seg nøkkel frå Skjåk Almenning innover (dersom den ikkje er bestilt).

Kjevar og kontrollkort kan enten sendast til Skjåk Almenning per post, eller leggast i kjevekasse utanfor kontorbygget til Skjåk Almenning, kontrollkort i postkassa. Hugs god reingjering/tørking av kjevar! Det er ikkje plassert ut kjevekasse ved Dønfoss i år - så alle må ta turen til Bismo eller sende per post.

Info om rein blir lagt ut på villreinutvalet si heimeside http://reinheimen-breheimen.no/ 

Vi oppmodar alle om å lese infofolderen som vart delt ut saman med korta, der står det mange nyttige tips til ei god jaktoppleving.

Vi ynskjer alle jegerar Skitt jakt!

p9220401 red

  • Sist oppdatert: onsdag 06 September 2017, 12:08:00.