logo1

Dei fleste vatn i Breheimen og områda aust for Skarvedalen er nå isfrie, det er turt og fint å gå - der det ligg att snø er denne fast å gå på.

Områda vest for Veltdalen, dvs Vuludalen og Hamsedalen er også vatna isfrie og det er greitt å gå.

Området lengst nord i Skjåk, dvs Skarvedalen, Storvatnet og Torsvatnet ligg det att mykje snø - og det er ikkje isfritt per 18. juli. Vi håpar at det med betre vær kan opne seg i månadskifte juli/august, kanskje noko før i Skarvedalen.

Vi prøvar å halde oppdaterte meldingar på vår facebookside https://www.facebook.com/skjakalmenning/  - så fylgj oss gjerne der!

 

(Biletet under er frå Veltdalen sommaren 2015)

garnfangstkaritind

 

  • Sist oppdatert: onsdag 06 September 2017, 12:08:00.