By A Web Design

Nyheitsbrev

Ynsker du å bli varsla på mail om aktuelle sakar og nyheiter?

Hytte og fritid

overnatting1

Fritidsbustader
I Skjåk Almenning har vi rundt 470 private hytter. Dei største hyttegrendene ligg ved Grotli, Nysæter og Sota. Vi arbeider med planar for nye felt i dei same områda, og nokre til.

I 2006 vart det såleis godkjent kommunedelplanar for hyttefelt ved Grotli, Nysæter-Billingen og Dønfoss.Nye felt vert truleg bygt utmed full standard (vatn, kloakk, veg og straum), burtsett frå eitt som er ferdig regulert ved Sota. Dette får ein enklareinfrastruktur, men med veg, straum og vasspost. Alle tomter for fritidseigedomar er festetomter. Du er velkomen til å ta kontakt for nærare informasjon!



hytteOvernatting i fjell og dal

Ikkje minst blant utanbygds villreinjegarar er dei mange almenningsbuene i fjellet populære (sjå kart). Dei fleste buene er av nyare dato, og med enkel standard.Av utstyr nevner vivedovn med tørkerist, 3-bluss gassapparat, dekkety og bestikk, kjelesett og vaskeutstyr.Ta med stearinljos! Dei fleste har 5 soveplassar. Utanom villreinjakta er buene låst, men nyklar lånast ut til jegarar, fiskarar og andre fjellvandrarar ogsåresten av året.

Tverråhytta i Tordalen.Turstigen Billingen- Torsbu/Veltdalshytta passerer forbi. Base for "Gutta på tur" i villreinjakta2001. Foto: Stig Aaboen


overnatting2
Skjåk Almennig har også fleire hytter,skogkoier og mindre buer ved bilveg nede i dalane. Desse vert leigde ut i samband medjakt og fiske, og elles til ferie opphald sommar og påske.

Ikkje langt unnariksveg 15 aust for Oppljostunellen (Strynefjellsvegen) ligg Legerhytta, ei romsleg, lun og kosleg hytte med god plass og bra komfort. Høver godt også for barnefamiliar, særleg sommarstid. Båt ved Nordre Leger-vatnet. Gode tur- og fiskemoglegheiter.

Vinterstemning. Skogskoie vedPollfoss. Foto: Stig Aaboen