By A Web Design

Nyheitsbrev

Ynsker du å bli varsla på mail om aktuelle sakar og nyheiter?

Garnfiske i Skjåk Almenning


fisk jtlGarnfiske har lange tradisjonar i Norge, og Skjåk er ikkje noko unntak. Mange Skjåkværar er framleis med på og halde denne tradisjonen ved like, og dei set pris på både fjellturen og ikkje minst den flotte råvara dei tek med seg heimatt. 
I mange vatn er også garnfiske med på å halde fiskebestanden på eit nivå som er tilpassa næringsgrunnlaget i vatnet - og er derfor viktig i forvaltningssamanheng. Dei fleste vatna tålar eit hardare garnfiske enn det som er tilfelle i dag. 
Skjåk Almenning og Skjåk jeger og fiskarlag har utstyr til utleige, både langt til fjells og nær veg, meir om dette tilbodet finn du i menyen til venstre.  

Ynskjer du også å prøve garnfiske i Skjåk Almenning? Som utanbygds har du nesten dei same moglegheitene for garnfiske som innanbygds har. I nokre grensevatn, samt Lundadalsvatnet er det ikkje lov for utanbygds å fiske med garn. 
Det viktig at du set deg inn i kva for maskeviddebestemmingar og antall garn det er lov til å fiske med i dei enkelte vatna, er du i tvil om noko er det fint om du kontaktar oss. 

Nedanfor fylgjer reglane som gjeld for garnfiske i Skjåk Almenning;

  • Alle som ynskjer å fiske med garn, også utanbygds under 16 år må løyse fiskekort for bruk av garn. Fiskekort for garn gjeld kun for garnfiske innanfor Skjåk Almenning sine grenser.Fiskar kan likevel ha med seg medhjelparar i båten som ikkje har løyst fiskekort, men desse tel då ikkje med for talet på garn som kan settas. 
  •  På vatn under 100 dekar som ikkje er nemt særskild i lista under, er det kun lov å fiske med 2 garn (50 meter), og maskevidde 35 mm eller større  per garnkort. Er du i tvil om eit vatn er mindre enn 100 dekar, ta kontakt med oss.
  • På vatn over 100 dekar som ikkje er nemt særskild i lista under, er det kun lov å fiske med 5 garn (125 meter), og maskevidde 35 mm eller større per garnkort.
  • Garnfiske er tillatt frå isen reiser om våren, til isen legg seg om hausten (unntak Lundadalsvatnet som startar 15/7 kl 16:00, kun for innanbygds).
  • Garn og reiv kan berre settas ut etter kl 16:00, og skal takast opp innan kl 11:00 påfylgjande dag. Er det varmt i vatn og vær, anbefalast det likevel på det sterkaste med omsyn til kvaliteten på fisken, og ikkje ha garna ståande ute så lenge!
  • Alle garnsneller/flotørar skal vere godt synlege, og merkas med namn og telefonnummer.
  • All garnfiske er forbode på Lykretjønn, Flåtåtjønn, småtjern i/ved Grotli hytteområde, Otta elv på strekninga almenningsgrensa i Nordberg til Høgfossen, samt strekninga frå spissen av Pollodden til Pollfossen. Dette gjeld også innanbygds. 

Liste over reglane som gjeld for dei enkelte vatna finn du her.

Anbefalte vatn for garnfiske
Vi har mange vatn å velje i, også for dei som ynskjer å fiske med garn.

Her er eit utval av vatn der Skjåk Almenning har båt til utleige, og som ligg nær veg slik at ein også kan bruke eigen båt;
  • Aursjoen. Har frå lang tid tilbake vore eit svært viktig vatn for Skjåkværane, men vasskraftutbygging og reguleringa av Aursjoen har hatt negative konsekvensar for fisket i vatnet. Fiskeproduksjonen i Aursjoen er avhengig av Skjoldkrepsbestanden, og då denne gjekk sterkt tilbake på 90-talet, gjekk også kvaliteten på fisket ned. I dag er det vanleg å få fisk på  200-400 gram, fin matfisk - men det er langt mellom fisk som nærmar seg kiloen. Lovleg å bruke båtmotor inntil 10 hk. 
  • Heggebottvatnet. Lett å nå frå Rv 15 heile sesongen. Ikkje lovleg å bruke båtmotor. 
  • Liavatnet. Ligg innover mot Sota Sæter. Lett å få fisk då bestanden er i største laget. Lovleg å bruke båtmotor inntil 10 hk. .
  • Legervatna i Breidalen. Lette å nå frå Rv 15. Vanleg å få aure på ca 200 gram. Ikkje lovleg å bruke båtmotor. 
  • Heillstuguvatnet. Ligg langs gamle Strynefjellsvegen. Mykje småfisk, men sjølv småfisken er raude i kjøttet og i god kondisjon - eignar seg derfor bra som matfisk. 

Skjåk Almenning har også båt til utlån på Breidalsvatnet. Også Nysætervatnet (Vuluvatnet) og Heimdalsvatnet er lette å koma til frå Rv 15. Mykje småfisk, men høvesvis lett å få fangst. Ikkje lovleg å bruke båtmotor, Skjåk Almenning har ikkje båt til utleige på desse vatna.