logo

 Åpningstider: 
man-fredag: 08.00 - 15.30
Tlf: 61 21 39 00

Fiske

7 den strste rreten 2I Skjåk har vi over 2 millionar dekar som ein kan utforske, og det er god plass til å nyte naturen og ekte fjellfiske i Skjåk.

Saman med Skjåk Utmarksråd kan vi tilby fiske i over 200 vatn og om lag 250 km med fiskeførande elver, alt samla på eit felles fiskekort for heile Skjåk.

I hovudvassdraget Otta elv er det i tillegg til aure, også ein fin bestand av harr på strekninga frå Skim oppover til Ofossen. I resten av Skjåk er det aure som dominerar.

Skjåk har lange tradisjonar for fiskekultivering, og det er sett ut aure i dei fleste vatn opp til 1650 moh. Det er lite eller ingen naturleg rekruttering i mange av fjellvatna våre, og derfor vert det kvart år sett ut fleire tusen aure.
Mange av vatna ligg så høgt at den isfrie perioden berre varar nokre veker, og den beste perioden for høgfjellsfiske er derfor i frå midten av juli og utover i august.
Lenger ned i dalbotn er det vanlegvis bra fiske allereie i april - mai.

Utover sommaren endrar vasstanden seg raskt i takt med snø- og bresmeltinga.
Breslam frå isbreane i Breheimen fargar elvene og fleire store innsjøar turkise. Elver og innsjøar i Reinheimen er ikkje brepåvirka i like stor grad, og er derfor stort sett klare.

Vi har tilbod for alle, om du er ute etter matauk, familiefiske i vegnære vatn, flugefiske, eller høgfjellsfiske utan trengsel i Breheimen eller Reinheimen Nasjonalpark

I menyen er det presentert ein del fisketurar og vatn som er aktuelle for ulike grupper fiskarar.

Fiskekort og fiskereglar

lundadalen elvAlle under 20 år kan fiske gratis med stong og handsnøre. Dette er nytt frå 2013 og gjeld både innan- og utanbygds.
Alle andre må løyse fiskekort for den type reiskap dei ynskjer å bruke, om det er stong, oter og/eller garn. Sesongen varar frå isen reiser om våren, til isen legg seg på hausten. Ta alltid med deg gyldig fiskekort på fisketuren. 
Vi ynskjer ikkje ørekyte eller andre nye artar i vassdraga våre, derfor er all bruk av død og levande fisk som agn forbode.

Fiskereglane kan du laste ned her. Nye reglar frå og med 2013 er merka med raudt.

Bruk av båtmotor

I Skjåk kommune kan det berre brukas båtmotor med inntil 10 hk på fylgjande vatn: Grønvatnet, Breidalsvatnet, Kolbeinsvatnet, Aursjoen, Raudalsvatnet, Liavatnet, Lundadalsvatnet, Torsvatn, Leirungsvatnet og den delen av Skim som ligg i Skjåk.
Ved bruk av motor på Lundadalsvatnet, Torsvatnet, Leirungsvatnet og delar av Skim som ligg i verneområde, må ein søkje vernemyndigheitene om særskild løyve, god tid i førevegen.


Korttyper og prisar for utanbygds

  Stong Stong/oter  Stong/oter/garn 
Døgnkort      kr    70,-    kr  100,-  kr 125,-
3-døgns kort    kr  175,-  kr  250,-  kr 275,-
Vekeskort  kr  250,-  kr  350,-  kr 450,-
Sesongkort   kr  350,-  kr  500,-  kr 600,-

 

For innanbygds kostar sesongkort som inkluderar alle typar reiskap kr 100,- for enkeltkort, og kr 150,- for familekort. Familiekortet gjeld ektefelle/sambuar og deira born ut det kalenderåret dei fyller 20 år.
   
Kortsal

Skjåk Almenning sitt administrasjonsbygg i Bismo (åpningstid kl 08.00 - 15.30 på kvardagar).
Elles får du kjøpt fiskekort på Inatur, og dei fleste campingplassar og andre service- og reiselivsbedrifter i Skjåk.
 

"På fisketur i Skjåk" og kart
 

I 2013 er det utgjeve eit hefte "på fisketur i Skjåk" som presenterar 36 fisketurar i Skjåk, med ruteskildring, kart og fisketips. Heftet er gratis, og du finn det der du får kjøpe fiskekort. 

Vi anbefalar å bruke nettsida www.iskjåk.no for å planlegge turar i Skjåk. Nettsida er ei kartbasert informasjonsløysing med beskrivelse av turar (med nedlastbare GPS-ruter i gpx-format), viser tilgjengelege hytter i fjellet med rutebeskrivelse, lokal natur og kulturhistorie, samt bilde frå dei ulike områda.

Elles har Skjåk kommune gjeve ut ei iskjåk - brosjyre med oversiktskart som ein finn på mange service-og reiselivsbedrifter i Skjåk. Denne er gratis.

Det vart utarbeidd eit turkart for Skjåk i målestokk 1:60 000 som var klart hausten 2013. Dette dekkjer heile Skjåk kommune, og har innteikna alle merka turstigar og utleigehytter. Pris kr 199,-.