By A Web Design

Nyheitsbrev

Ynsker du å bli varsla på mail om aktuelle sakar og nyheiter?

Stormfelling av skog

Fyrste juledagskveld og natt til 2.juledag herja orkanen Dagmar stygt med skogen i Skjåk Almenning. Truleg er så mykje som 50 000 kubikkmeter felt eller står på skakke. Dette tilsvarar nær 10 prosent av kubikkmassa i almenningsskogen og representerer 5 – 6 årshogstar. Mange tre er brotne frå rothalsen og oppover. Opprenskinga vart påbyrja 2.nyttårsdag med eige mannskap, og det er venta at det snarast råd vert sett på hogstmaskiner og lassbærarar.

Ein reknar med nær kontinuerleg drift gjennom heile 2012. Skjåk Almenning vil gjera det som står i vår makt for å ta vare på verdiane, og elles gjera det beste ut av situasjonen som har oppstått.
Sjå meir her: http://www.fjuken.no/index.cfm?event=doLink&famID=229445&frontFamID=84050
Og http://www.gd.no/nyheter/article5866261.ece